Elias Engevik er "Årets unge talent"

Fotojournalist Elias Engevik ble denne uken tildelt prisen «Årets unge talent» av Bergen Journalistlag.

-
Elias Engevik
Årets unge talent, Elias Engevik. Foto: Eirik Hjelvik, TV 2
Foto og redigering: Jan Eivind Bertelsen

Fotojournalist Elias Engevik jobber i Innholdsproduksjon (IPA) i Bergen. Vi gratulerer så mye med velfortjent pris! Dette er juryens begrunnelse:


Årets unge talent

Fotojournalist Elias Engevik kom til TV 2 med ein referanse frå NRK Innlandet som forklarte at dei berre ein gong tidlegare hadde hatt ein så dyktig student. Dermed satsa TV 2 på Elias, der han gjekk rett inn i eit vikariat. I TV 2 har Elias Engevik imponert. Det blir sagt at han leverer som om han skulle ha vore der i lange tider. Stikkord som trygg, nyfiken og med eit godt visuelt blikk blir brukt for å skildre arbeidet hans. Han leverer på ulike flater og til alle slags produksjonar. Ofte er det lettast å få auge på dei som står framfor kamera eller som briljerer med skarp penn i spaltene. Nettopp derfor er det ekstra kjekt å gje merksemd til ein av dei som søkjer til ein annan del av journalistikken, og som bidreg til at TV 2 kan gje publikum produksjonar på øvste hylle. Journalistikk er lagarbeid. Derfor er det eit stort pluss når Engevik blir omtalt som ansvarsfull, samarbeidsvillig og oppteken av heilskapen. Det er slike folk faget vårt treng. Det er styret i Bergen Journalistlag som er jury for Årets unge talent, og det er ei glede å gje prisen til Elias Engevik.

Interessert i å jobbe hos TV 2?
Ledige stillinger
Åpen søknad