Marlene Sætevik, utvikler

- TV 2 har eit tydeleg og viktig samfunnsoppdrag, som eg ynskjer å vere ein del av.

-
Marlene Saetevik mot folkene vare 4 2
Marlene Sætevik. Foto: Tor Henning Flaatten, TV 2

Kvifor valgte du TV 2 som arbeidsplass?

TV 2 har eit tydeleg og viktig samfunnsoppdrag, som eg ynskjer å vere ein del av. Innanfor området eg jobbar, så er TV 2 framoverlendte og anvender moderne teknologi som eg tykkjer er midt i blinken.

Navn: Marlene Sætevik
Tittel: Utvikler
Utdanning: Informasjonsteknologi
Avdeling: IT og drift
Ansatt i TV 2 siden: April 2022

Kva ser du mest fram til mest når du vaknar om morgonen og gjer deg klar å gå på jobb?

Å få jobbe med og lære meir skyteknologi. Løyse nye problemstillingar. Å få vere del av eit fellesskap som er så orienterte på å hjelpe kvarandre. Og sjølvsagt ein koseleg lunsj med gode kollegaer 😊

Korleis ser ein typisk arbeidsdag ut for deg?

Ein typisk arbeidsdag for meg består i å utvikle nye løysingar, samt jobbe i samarbeid på tvers av avdelinger. Når man setter opp nye løysingar for TV 2 er det mange puslespelbetar som skal på plass, som er ein kjekk utfordring.

Korleis er kulturen/arbeidsmiljøet i TV 2?

Eg har fått eit godt inntrykk av kulturen/arbeidsmiljøet i TV 2. Det er eit kollektivt fokus på å gjere kvarandre betre, og å satse høgt. I tillegg til den heilt klare ambisjonen innad selskapet er det også fokus på hygge og sosiale aktivitetar, både innanfor avdelinga men også på tvers. Folk er veldig imøtekommande, og som ny blir man tatt veldig godt i mot. At ansatte i TV 2 har fått betegnelsen TV 2ere, seier litt om samholdet i selskapet.

- TV 2 er ein moderne arbeidsplass i moderne lokaler på Media City Bergen. Det er fokus på å holde seg fagleg oppdatert i form av kursing og seminar. Som nyansatt er det eit godt opplegg for å lære om forskjellige deler av TV 2 og å komme seg i gang med å vere produktiv på sitt felt.

Interessert i å jobbe hos TV 2?
Ledige stillinger
Åpen søknad