
Elias Engevik, fotojournalist
Kvifor valde du TV 2 som arbeidsplass?
Då eg studerte på Lillehammer, jobba eg for NRK på sida. Ein søndag dekka eg val av ny idrettspresident, og der stod eg skulder til skulder med TV 2-fotograf Andreas Molland og filma Berit Kjøll som hoppa og jubla. Dette var like før eg var ferdig å studere, så eg spurte Andreas om det var behov for folk i Bergen. Det var det og eg fekk nummeret til min noverande sjef.
Eg har alltid likt TV 2, sidan eg var bitte liten og såg 21-Nyhetene 11. september 2001. Fasinert av alt det som skjer ute i verden, og eit brennande ønske om å fortelje gjennom bilete. Etter å ha sett "Korrespondentene" på TV 2 Play var eg solgt, her ville eg jobbe!
Navn: Elias Engevik
Stillingstittel: Fotojournalist
Utdanning: NRK Nynorsk mediesenter (2014), Bachelor i TV-teknikk enkamera, Høgskolen i Innlandet (2016-2019)
Avdeling: Produksjon
Ansatt i TV 2 siden: Juni 2019


Kva ser du mest fram til når du vaknar om morgonen og gjer deg klar til å gå på jobb?
Det at eg ikkje alltid veit kva som møter meg, og at dagen blir heilt unik. Som fotojournalister har vi eit stort privilegium der vi får møte spennande folk, som har noko dei vil fortelje. Også er det fantastisk å jobbe i eit toppmoderne, framoverlent mediehus med dyktige kolleger i alle ledd. Frå eg byrja i 2019 og fram til i dag har eg gleda meg til å gå på jobb nesten kvar dag, og dei dagane det er litt tungt er det alltid ei hjelpande hand, både hos kollegar og frå leiinga.
Nokre morgonar veit eg ikkje om eg skal til Knarvik eller London, om eg skal filme jordskred eller opning av sykkelveg. Vi er ressursar for både sporten og nyheitene, og den varierte arbeidskvardagen med daglege utfordringar er det eg gledar meg mest til om morgonen.
Korleis ser ein typisk arbeidsdag ut for deg?
Om morgonen pakker eg klar kamera, stativ, live-utstyr og lys, og går på morgonmøte der vi finner ut av kva saker vi skal dekke. Vi blir booka på ulike oppdrag, og satt i team med ein reporter. Saman finn vi ut korleis vi best kan fortelje saka, om det er til TV- sendinga, til TV2.no eller på sosiale medier.
Mi oppgåve er å fortelje best mogleg gjennom levande bilder eller stills. Lyd, lys, opptak, stillbilder og klipping - i TV 2 skal vi være best, og streber etter høg kvalitet. Ellers har eg og fleire kolleger ansvar for utstyrsparken vår, og bookingsystemet vi brukar. Sjølv om eg har ein kreativ jobb, tømmer eg også søppel, vasker bil eller rigger lyd på kommentatorplass i Champions League.
Korleis opplever du kulturen i TV 2?
Om eg lurer på noko, om det er eit spørsmål om teknikk eller innhald så treng eg berre gå fem meter for å få svar på det meste. Arbeidsmiljøet i TV 2 er fantastisk, det er sosialt og kreativt, og alle speler kvarandre gode. Eg syns folk er opptatt av kvarandre, og at vi koser oss samtidig som vi gjer ein god jobb. Det er viktig! Kulturen i TV 2 er fin, den er prega av arbeidslyst, humor, engasjement, nysgjerrighet og god stemning!