Sander Englund Smørdal, utgavesjef
Kvifor valde du TV 2 som arbeidsplass?
Eg var på utkikk etter jobb etter endt idrettskarriere (og utdanning), der draumen var å jobbe i ein sportsredaksjon. Ideelt sett i Bergen. TV 2 var mest fleksible, verka mest interessert og var villig til å gi meg ein sjanse. Og som veldig sportsinteressert sidan barndomen var TV 2 Sport sjølvsagt veldig interessant for meg. Kom inn som timevikar på webdesken, med beskjed om at det var muligheter vidare dersom ein jobba godt. Sidan har eg vore her og har bekledd dei fleste roller på sportsdesken.
Navn: Sander Englund Smørdal
Stillingstittel: Utgavesjef
Utdanning: Mastergrad i Medievitskap, Universitetet i Bergen
Avdeling: Sport
Ansatt i TV 2 siden: 2012
Kva ser du mest fram til når du vaknar om morgonen og gjer deg klar til å gå på jobb?
Det er vel det at ingen dager er like, så ein veit aldri kva som møter ein. Ein i utgangspunktet kontrollert dag, med eit ganske planlagt publiseringsløp kan plutselig bli heilt annerledes på grunn av ein nyhet eller berre ein god idé. Så det er ein spenning i det å gå på jobb, adrenalinsrush når det kokar og så er det ei veldig god kjensle om ein kan gå heim og føle at ein har fått samspelet til å fungere på tvers av sporten, TV2.no og andre avdelingar. Og om det er ting å forbedre, kjem det alltid ein ny sjanse.
Foto: Elias Engevik, TV 2
Korleis ser ein typisk arbeidsdag ut for deg?
Mi oppgave er å lede desken på MCB i Bergen, og er vaktsjef for både TV-sendinger og det som publiserast på tv2.no/sport. Tittelen utgavesjef kom då ein formelt slo saman dette ansvaret til ein person. Målet er å sjå totalbildet, utnytte ressursane på ein så god måte som mulig, slik at vi sørger for at vi har best mulig TV-sendingar og best mulig sportsinnhold på TV2.no enten det gjeld store nyheter, aktiv idrett eller fortellande journalistikk. På sportsdesken må alle regne med å levere både til TV og nett.
Korleis opplever du kulturen i TV 2?
Eg opplever at store deler av TV 2 har ein form for toppidrettskultur. TV 2 skal vere best. Det betyr at det fins enormt mykje kompetanse på huset, og det er stort sett alltid nokon å spørre. Eg opplever også at det til grunn hos dei fleste ligg eit ønske om å hjelpe kolleger, til det beste for TV 2. Så fins det også utfordringar i ein så stor organisasjon, der ulike deler av den har ulike ønsker og behov til kva ein ønsker å få ut av ei publiseringsflate og/eller ein sak til dømes. Om det er konflikter/gnisningar rundt dette, så opplever eg at det oftast er fordi folk brenner for akkurat det dei jobbar med, og ikkje på grunn av vond vilje. I tillegg har eg inntrykk av at det er sosiale tiltak som passar dei fleste, enten det er i regi av TV 2 eller som blir arrangert av dei ansette.
Det er muligheter til å gjere enormt mykje forskjellig, og ein nyskapande idé får sjeldan nei - god eller ei. Eg har gjort ting eg aldri trudde eg skulle gjere, og det trur eg gjeld mange andre også.
-
Håkon Kvam Lyngstad, breakingjournalist
-
Ole Ebbesen og Ingrid Wollberg, fotojournalister
-
Christel Schultz, kundesjef
-
Einar Aaby Hirsch, teamleder
-
Silje Anita Hallem, advokat
-
Torkil Auran, prosjekteier
-
Katarina Swendgaard Borge, business controller
-
Marie Evje, forretningsutvikler
-
Elias Engevik, fotojournalist
-
Arbër Maliqi, produsent
-
Ingrid Wollberg, fotojournalist
-
Gaute Bugge Drangsholt, vaktsjef Sporten
-
Heidi Lea, dataanalytiker
-
Sander Englund Smørdal, utgavesjef
-
Eda Syvertsen, prosjektutvikler
-
Annikken Valland, utspillingsprodusent
-
Line Njøs, innholdsplanlegger
-
Magne Sandnes, bildesjef
-
Stig Omland, rådgiver sportskonsepter
-
Helene Boge, webutvikler
-
Preben Fjell, engasjementsreporter
-
Ove Nordahl-Pedersen, UX designer
-
Marlene Sætevik, utvikler
-
Siril Eikrem Finnøy, produkteier for Data og Målretting
-
Arjuno Alistair Lewis, kommersiell produktutvikler
-
Silje Hestevik, utviklingssjef
-
Karina Øverland Haugen, Løsningsarkitekt
-
Einar Aaby Hirsch, teamleder Team NÅ
-
Maria Schiller Tønnessen, frontredigerer
-
Lene Hegland, SEO-ansvarlig
-
Kenneth Cuomo, Customer success spesialist
-
Melina Pambou Sundfør, teamleder digitale sports-konsepter
-
Stian Langsrud, senior IT-konsulent